Florø gjer seg klar for sluttspel, og avslutning på aldersbestemt handball

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 26. Mar 2026

Jotun/Årdalstangen - Florø  22-21 (9-10)

Det var ein mørk og slapp søndag, kvelden kom sigande på. Florø er på ferden innover i fylket, destinasjon Øvre Årdal med målet om fyrsteplassen på tabellen. 8 spente J2009-spelarar er klare for kamp, og har fått låne med seg Mille (2010) og Vilde (2011) for å jevne ut oddsa på Norsk Tipping. 

Billetten til sluttspel og fylkesmeisterskap var alt i boks, men når vi først er så nær kan vi jo alltid prøve oss på trona i serien som “Champs”. Fyrste omgang ber preget av mykje bra forsvar frå begge sider, og vi får notert ned stillinga 0-1 til Florø etter 4:26 spelte minutter. Eit solid forsvar med godt keeperspel gjer at vi får kontroll i midten av omgangen, og anskaffar ein fin 5-9-leiing. Før det raknar rett før pause og Jotun får henta seg inn til 9-10 på tavla før ein velfortent pause. 

Jotun får styre store delar av 2. omgangen der fokus i skotet gjer til at vi ikkje finner innsida av buret og den søte lyden av ein ball som spretter tilbake frå nettet, og heller vel å skyte nett der keeperen til Jotun vil ha dei. Kva kan vi si - jentene likar å gjere kampane sine spennande, så her må publikum og fansa på Liven berre smøre seg inn med tolmodigheit. Mykje fram og tilbake med 1-målsleiing for begge laga gjer til at det kjem ein enorm spenningskurve når vi legg det grøne kortet for ein kjapp teamtalk 21:02.


Stillinga står 22-20 når vi er uheldige og ryker på ein 2 minuttars smell 23:12, og må fatte tiltak med 1 spelar mindre. Heldigvis klarar vi å kaste oss inn i eit gjennombrot og gi Jotun sin egen 2 minuttar angrepet etterpå. Vi spelar fantastisk handball heile kampen, og siste 2,5 minuttar av kampen er det berre vi som skal få notere ned mål til lagkassa. I kampens kaos trur alle at vi får sette stillinga 22-22, på det som seinare skulle vise seg å verte ein tramp. Jentene står høgt i bana for å få tak i ballen koste kva det koste vil. Vi skal jo sjølvsagt gjere det spennande, så når vi får tak i ballen og skal i eit desperat kontringsspel tek ein spelar eitt for laget. Rødt kort til Jotun og med lita tid igjen på klokka vert det eit hjarteskjærande tap 22-21.

Ein klok person sa ein gong “null stress joggedress", sluttspel vert det uansett. Og no legg vi oss i hardtrening gjennom påska før vi møta Bjarg 3 i Førde 11. april, for å kjempe om 1. plassen og skryteretten som fylkesmeistrar. 
Enorm presentasjon frå jentene på handballbana i løpet av sesongen, der dei også har fått vert med å bistå på J17-20 i Bergen og for damelaga til klubben i ein meget potensiell opprykkssesong. Det skal nok bli godt for jentene å kunne legge beina høgt og ta seg ein velfortent pause laurdagskveld 11. april etter sluttspelet. 

Ein siste takk og hyllest frå trenarteamet Torbjørn Osland og Joakim Larsen, som har vorte privilegerte til å følgje J2009 i 2 sesongar med mykje god handball, kjekke turar og gøyale “moments” rundt i fylket.

Tobjørn Osland, trenar for J16 i Florø SK Handball