J17-20: Jamn kamp mot Viking Bergen/Nordnes
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 9. Mar 2026
Viking Bergen/Nordnes stilte til kamp, uten lagleiarar og innbyttere. Bra dei stiller til kamp!
Det blir ein jamn kamp, men siste 10 minutt av første omgang drar Viking litt i frå, og leier 13-9 til pause. Vi klarer ikkje å stoppe dei på venstresida deira i forsvar. Framme spelar vi bra, men blir litt for mange svake avslutningar, og tekniske feil.

Dei fleste jentene har ein kamp (og tur til Eid) i beina, så er nok litt slitne.
Andre omgang spelar vi betre, og det er jamnt på 19-19. Leonora spelar heile kampen her og, og set 6 mål!

Hedda Stigen er veldig viktig i forsvar, og løyser det på venstesida til Viking. VI vinn andre omgang 13-10, men taper til slutt med eit mål.
No gler vi oss til neste helg, då reiser vi til Bergen, og skal spele dei siste 2 kampane.
Weronika Kinn Breidvik, trenar for J17-20
Foto: Cecilia Molander
Du finn fleire bilete her:
https://handball.florosk.no/next/gallery/album?uid=1103852594&aid=92602
J17-20 sikra 2 poeng mot Fyllingen
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 17. Nov 2025
Vi møter Fyllingen, som spelar første kamp for sesongen. Vi veit med andre ord ingenting om dei før kamp.
Vi startar kampen veldig bra, med godt forsvar, og godt spel i angrep/ankomst. Leder 7-1. Jentene er flinke til å gå på sjansane, og å spele vidare om det ikkje er rom. Mange mål frå kant og utside back etter godt rullespel. Det startar mykje med Ane Jørgine på høgre back, som satsar skikkeleg når ho har ball, og lagar rom til seg sjølv eller andre.

Vi har mange gode avslutningar frå kant, der Sara utmerker seg med ein god kamp på høgre kant, gode innhopp frå kanten, og mål på kontring.
Det blir mindre linjespel enn vi brukar, dei blei godt passa på heile kampen. Men linjene lagar rom til bakspelarane våre 👏
I forsvar står jentene veldig bra, når dei held seg til planen vi har. Heddax2 i midtforsvaret står veldig godt i lag, og klarer ofte å forstyrre angrepet deira. Begge målvaktene står ein god kamp, og plukkar skot frå både kant og gjennombrot 👏👏

Vi leder heile kampen, men dei er "farlig" nære eit par gonger. Jentene løftar seg heldigvis igjen, og drar i frå, så det blir ein god siger til slutt.
Kjekk kamp å vere med denne gjengen på benken 😍
Weronika Kinn
J17-20-laget er tilbod for alle spelarar frå 2009 til 2006. Eg har 14 spelarar med på benken, i tillegg til at fleire måtte stå over. Veldig kjekt med så stor gruppe av jenter som vil vere med og utfordre seg i den serien. Vi spelar i A-serien, og spelarane vi møter er fødde i 2009–2005.
Weronika Kinn Breidvik, trenar for J17-20
Foto: Cecilia Molander
Fleire bilete finn du her: https://handball.florosk.no/old/gallery/album?uid=1103852594&aid=91704