J17-20: Jamn kamp mot Viking Bergen/Nordnes
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 9. Mar 2026
Viking Bergen/Nordnes stilte til kamp, uten lagleiarar og innbyttere. Bra dei stiller til kamp!
Det blir ein jamn kamp, men siste 10 minutt av første omgang drar Viking litt i frå, og leier 13-9 til pause. Vi klarer ikkje å stoppe dei på venstresida deira i forsvar. Framme spelar vi bra, men blir litt for mange svake avslutningar, og tekniske feil.

Dei fleste jentene har ein kamp (og tur til Eid) i beina, så er nok litt slitne.
Andre omgang spelar vi betre, og det er jamnt på 19-19. Leonora spelar heile kampen her og, og set 6 mål!

Hedda Stigen er veldig viktig i forsvar, og løyser det på venstesida til Viking. VI vinn andre omgang 13-10, men taper til slutt med eit mål.
No gler vi oss til neste helg, då reiser vi til Bergen, og skal spele dei siste 2 kampane.
Weronika Kinn Breidvik, trenar for J17-20
Foto: Cecilia Molander
Du finn fleire bilete her:
https://handball.florosk.no/next/gallery/album?uid=1103852594&aid=92602