Bli medlem
Medlemskap i Florø Sportsklubb Handball
Alle som deltek på aktivitetar i Florø Sportsklubb Handball, skal vere registrerte som medlemmer i Florø Sportsklubb.
Medlemskapet gjeld for heile Florø Sportsklubb og dekkjer alle aktivitetar innan klubben. Medlemskontingenten må vere betalt for at spelaren skal vere omfatta av dei forsikringsordningane som krev gyldig medlemskap.
Innmelding og medlemsregistrering – Spond
Florø Sportsklubb Handball nyttar Spond til medlemsregistrering og administrasjon av medlemmene våre.
Spond gjer det enkelt for både spelarar og føresette å halde oversikt over medlemskap, treningar, kampar, andre aktivitetar og betalingar.
Slik blir du medlem:
- Last ned Spond-appen på mobiltelefonen, eller gå til www.spond.com.
- Opprett ein brukarprofil dersom du ikkje har dette frå før.
- Registrer barnet ditt eller deg sjølv gjennom invitasjon frå trenar.
- Sørg for at kontaktinformasjonen er oppdatert, slik at klubben kan nå deg med viktig informasjon.
Dersom du ønskjer å melde deg eller barnet ditt inn i Florø Sportsklubb Handball, men ikkje har fått tilgang til rett Spond-gruppe, kan du kontakte trenaren for laget for hjelp.
Medlemskontingent og treningsavgift
Florø Sportsklubb Handball nyttar Spond til innkrevjing av både medlemskontingent og treningsavgift.
Medlemskontingent: er på 200kr og gjeldt medlemskap i Florø Sportsklubb og blir betalt éin gong per år, uavhengig av kor mange aktivitetar du deltek på i klubben.
Har du spørsmål om medlemskontingenten, kan du kontakte:
Eva Orheim
E-post: orheimeva@gmail.com
Treningsavgift: Gjeld deltaking i handballaktivitetane og kjem i tillegg til medlemskontingenten.
Betalingskrav blir sende ut gjennom Spond, og du kan enkelt betale og halde oversikt over betalingane dine i appen.
Utmelding
Dersom du ønskjer å melde deg eller barnet ditt ut av Florø Sportsklubb Handball, må du ta kontakt med medlemsansvarleg.
Merk: Å forlate ei Spond-gruppe er ikkje det same som å melde seg ut av Florø Sportsklubb. Ta derfor kontakt med klubben slik at medlemskapet blir avslutta på rett måte.
Stemmerett og støttemedlemskap
Du må vere medlem av Florø Sportsklubb for å ha stemmerett på årsmøtet. Stemmeretten følgjer dei gjeldande reglane i Norges idrettsforbund og klubben sine vedtekter.
Du kan også vere støttemedlem sjølv om du ikkje deltek aktivt i handballgruppa.
Spørsmål om medlemskap
Har du spørsmål om innmelding, utmelding medlemsregistrering eller treningsavgift, kan du kontakte medlemsansvarleg i Florø Sportsklubb Handball:
Line Gjengseth
Telefon: 997 33 327
E-post: line.gjengseth@florohandball.no
Du kan også kontakte klubben på info@florohandball.no.
Lisens og forsikring
Alle spelarar i Florø Sportsklubb Handball skal vere omfatta av ei gyldig forsikringsordning når dei deltek på treningar og i kampar.
Kva forsikring som gjeld, er avhengig av alderen til spelaren.
Barneidrettsforsikring – barn under 13 år
Alle barn under 13 år som er medlemmer i eit idrettslag tilslutta Norges idrettsforbund (NIF), eller som deltek i organisert aktivitet i regi av idrettslaget, er omfatta av NIF si barneidrettsforsikring.
Forsikringa gjeld fram til dagen barnet fyller 13 år, og blir betalt av Norges idrettsforbund.
Barn under 13 år treng derfor ikkje å betale eigen handballisens.
Les meir om barneidrettsforsikringa hos NIF.
Handballisens – frå det året spelaren fyller 13 år
Frå og med kalenderåret ein spelar fyller 13 år, er det krav om å betale handballisens til Norges Håndballforbund (NHF).
Lisensen fungerer både som forsikring og som godkjenning for å delta i organisert handballaktivitet.
Viktig: Lisensen gjeld både trening og kamp. Spelarar som berre deltek på treningar, må derfor også ha betalt lisens.
For sesongen 2026–2027 gjeld følgjande:
Ordinær betalingsfrist var 1. september 2026.
Spelarar fødde i 2014, som fyller 13 år i 2027, skal betale lisens innan 1. januar 2027.
Lisensen kjem i tillegg til medlemskontingent og treningsavgift.
Korleis betaler du lisensen?
Handballisensen blir betalt direkte til Norges Håndballforbund gjennom Min idrett.
Slik går du fram:
Gå til www.minidrett.no.
Logg inn på din personlege profil.
Finn lisensen din under betalingsoversikta.
Vel lisenskategori og gjennomfør betalinga.
Dersom du ikkje finn lisensen din, kan du kontakte klubben for hjelp.
Det finst ulike lisenskategoriar med forskjellig forsikringsdekning. Vi anbefaler at du set deg inn i vilkåra før du vel lisens.
Les meir om lisens, prisar og forsikringsvilkår hos NHF.
Økonomisk støtte til betaling av lisens
Økonomi skal ikkje vere eit hinder for å spele handball!
Norges Håndballforbund har ei støtteordning for spelarar og familiar som opplever at kostnaden ved handballisensen er ein økonomisk barriere.
Det er klubben som søkjer om støtte på vegner av spelaren.
Søknadsfristen blir fastsett av NHF, og det er derfor viktig å ta kontakt med klubben så tidleg som mogleg dersom du ønskjer å nytte ordninga.
Kontaktperson for støtte til lisens:
Morten Mortensen
E-post: morten.mortensen.mm@gmail.com
E-post: morten.mortensen.mm@gmail.com
Du kan også ta kontakt via privat melding eller SMS.
Alle førespurnader om økonomisk støtte blir behandla diskret.
Har du spørsmål?
Dersom du har spørsmål om lisens, betaling eller forsikring, kan du kontakte: