Stian Vike og Sander Vike debuterer som dommarar i 2. divisjon.
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 16. Feb 2025
Laurdag debuterte Stian Vike, Bremanger IL, og Sander Vike, Florø SK Handball, som dommarar i 2. divisjon kvinner under ein spanande kamp mellom Volda 2 og Utleira 2. Begge brørne viste stor entusiasme og god dømmekraft, noko som vitnar om ei lovande framtid innan dommarmiljøet. Vi er stolte over dykk!
Her er deira eigne ord om turen:
I halv 10-tida fredags kveld fekk vi melding frå vår gruppeleiar i Utviklingsgruppe 2, Emilie Nystad Wold, om at vi måtte ta telefonen dersom Tom Erik Lindhjem (dommaransvarleg Region Vest) ringte. Vi skjønte sjølvsagt ingenting, men kjente at pulsen steig. Vi rakk å melde litt med kvarandre om kva dette kunne vere, men kom ikkje til noko konklusjon.
Like etterpå ringte Tom Erik og spurte om vi hadde planar for helga. Det hadde vi, Stian skulle til Bergen og Sander skulle til Bremanger ein tur. Då spørsmålet om å dømme K02 kom, blei planane raskt endra. Dette måtte vi takke ja til!
Laurdag sat vi oss i bilen og køyrte til Volda. I bilen førebudde vi oss mentalt, snakka om kva vi kunne forvente, sjekke statistikk, målscorarar og tidlegare resultat. Dette var to lag nær kvarandre på tabellen, så vi venta ein jamn kamp. Det vart det så absolutt og kampen enda med eitmålssiger til heimelaget. Kampen starta i høgt tempo, så her var det berre å følgje godt med! På lik linje som laga brukte vi time-outane til å snakke saman om situasjonar i kampen. Vi følte vi hadde grei kontroll for å vere første kampen vår på eit heilt nytt nivå.
Dette gav absolutt meirsmak, og vi er veldig motiverte til å utvikle oss meir. Vi set stor pris på å få slike utfordringar og føler verkeleg vi får støtte frå både Regionen, leiarane våre i Utviklingsgruppe 2 og ikkje minst Elisabeth, som har fulgt oss alle 3 åra som dommarar.
Liven frå kampen finn du her: Volda 2 - Utleira 2
Inspirasjonssamling for dommarar i Sogn og Fjordane
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 16. Feb 2025
Florø SK Handball inviterer til inspirasjonssamling for dommare i Sogn og Fjordane.
TID : laurdag 22. februar, kl. 14:00-18:00
PLASS: Florø idrettssenter
Sondre og Jim-Rune dømer for Florø SK Handball. No kjem dei hit for å fortelje om si veg, frå dei dømte sine første barnekampar og opp i 1. divisjon. Dei ønskjer å motivere og inspirere andre dommarar, samt gi oss nokre tips og triks vi kan bruke når vi dømmer.
Det blir servert pizza og brus 🥤😃
Påmelding innan torsdag 20. februar til Elisabeth i spond eller på melding: 95 96 65 35
Velkommen!