Florø 2 visar at ein turbulent sesongstart ikkje kan halde dei nede
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 26. Mar 2026
Førde/Askvoll - Florø 2 24-27 (14-15)
Tidleg ein laurdagsmorgon set vi oss i bilen med destinasjon Askvoll for sesongens siste kamp, og Florø 2 sin moglegheit for å ta 3. plassen i J16-serien som hadde ein turbulent start med 3 tap. I tradisjonen tru har om lag alle kampane i vår vert prega av jamne resultat og veldig spennande kampar for alle supporterane våre der ute i verda. Noko vi vi ikkje hadde planar om å snu om på mot slutten.
Med eit rykande fersk trekk, henta frå 99’er gutta si storheits tid, har Torbjørn og Joakim lært J2010 “Albania” (oppkalla etter den Albanske ørn) så skjønner du fort kva som skal skje i fyste angrep. “Dessverre” vant dagens kaptein Munior og valde at vi skulle starte i forsvar. Så folket måtte vente i spenning før vi kunne å sette stemninga og preget på kampen i fyste angrep. Stillheita som ein gong var, vart broten av nokre fuglelydar i hallen før Aurora sendte ein høg ball til Linn som kom flygande inn i feltet - intet mål vart skapt i denne seansen.
Førde/Askvoll kan ein ikkje undervurdere for her viste dei god handball i 50 minuttar. Første omgangen er preget av eit litt overivrig Florø forsvar som vil ut å jakte skyttar og ball, men opnar opp bakrommet for strekspelaren til Førde/Askvoll som skal få notert ned 6 mål i løpet av kampen. Framover i bana møter vi eit godt forsvar, men ved gode pådrag og rullespel får vi luker og rom i eit utstrekt forsvar.
I pausen vert det ein taktisk og litt praktisk gjennomgang av forsvar for å få kontroll på strekspelar, og ein offensive strategi framover i bana som ikkje ein gong Napoleon kunne kritisert. For som alle veit er ikkje handball noko anna enn ein ulikskap innan likningar eller algebraiske uttrykk. Vi må berre skåre meir enn vi slepp inn.
I andre omgang får vi endeleg god kontroll på streken, men må bite det sure eple og kompensere med meir distanseskot og duellspel i sidesektorane. Ein pris vi er villige til å betale, då upressa skot frå 6 meter er kjipt for ein kvar keeper. Ein god kamp vart levert frå alle som tok turen innom bana, og vi kan skryte på oss at 90% fekk notert seg med eit mål. Resterande 10% har verkeleg levert gode pådrag og spelt dei andre gode, eit langt viktigare arbeid.
Sesongen for J2010 Florø 2 er offisielt over, og no gleda vi oss til det neste store handballeventyr den kommande sesongen. Eg og Joakim takker for ein kjekk vårsesong med jentene, og ein siste hyllest til Jeanett Bareksten som har lagt ned ein solid grunnmur for jentene sin vidare utvikling.
Torbjørn Osland, trenar for J16 i Florø SK Handball
