Her finn du lenkjer til informasjon og retningsliner om vår kledeskolleksjon og litt info om skor.

Som handballspelar brukar man kamptrøya, shorts, sokker og handballskor (non-marking inneskor).

Klubbens fargar er registrert hjå Norges håndballforbund og er ved kampar:
Heimedrakt: blå trøye og blå shorts
Bortedrakt: kvit trøye og blå shorts

Treningstrøyan er svart med logo, FLORØ SK HANDBALL og ein SSF-logo på høgre erm.

Disse fargane MÅ respekterast av laga og spelarane.
Viss ein spelar/eit lag kjem på kamp med «feil» fargar, kan vi få bot.

Florø SK Handball har samen med Select laga ein «klubbkolleksjon» som består av:
Kamptrøye, shorts, treningstrøye, treningsgenser, treningsbukse og jakke. Alle skal bruke same modellar for at klubbens medlemmar skal sjå like ut.

ALLE spelarar og trenarar må bruke klede frå Select sin klubbkolleksjon for Florø SK Handball når dei er på heime- og bortekampar.

Spelarane skal ikkje bruke kamptrøye ved privat bruk.

VIKTIG! Vi er avhengige av sponsorane våre og må vere lojale mot dei. Vi kan ikkje, i klubbens regi, dele ut klede/utstyr for kamp eller trening med logoar til bedrifter som er konkurrentar til våre sponsorar, uansett om det er premier i konkurranser eller likn. Med «klubben» meinar vi alle som er medlemmar.

Er du i tvil? Ta kontakt med draktansvarleg: https://florohandball.no/styret/

KLUBBDRAKTER (TRØYE OG SHORTS) OG OVERTREKKSDRESSAR I FLORØ SK HANDBALL

Som klubb ønskjer vi å skape ei god kjensla av venskap og samhald i laga våre. Det skal vere kjekt og moro å vere ein florøspelar. Ein del av å skapa det, er at alle har lik bekledning på treningar og på kampar, både heime- og bortekampar, for kjenne felleskap.

Med lik bekledning framstår klubben som ryddig/proff og vi får respekt frå andre klubbar.

Med «lik bekledning» meinar vi klubbens kolleksjon i klubbens farger med sponsortrykk på lik plass på alle utøvarar. Kleda kjøper utøvarane hjå Jobbpartner på Evja. Jobbpartner trykkjer alle obligatoriske logoer på kleda. Det blir ikkje trykt logoer på klede som er kjøpt ein annan plass enn på Jobbpartner. Klede som er kjøpt ein annan plass kan difor ikkje brukast ved heime- og bortekamper, i seriespel, cuper eller andre kampar når ein representerar klubben.

Derfor har Florø SK Handball, med Select, satt saman ein kledeskolleksjon som gjeld alle. Du finn den på plakaten «FLORØ SK HANDBALL KLUBBKOLLEKSJON» for noverande sesong.

Med «klubbtrøye» meiner vi «kamptrøye» som klubben eig, og som laget låner.

6-12 år: bruker klubbtrøye i blått som kamptrøye og treningstrøye i svart.
Shortsen, PISA, er i blått. Treningstrøye, shorts og sokkar, samt overtrekksdress, kjøper spelaren sjølv.

13-15 år: bruker blå trøye, SPAIN, i kampar. Shortsen er SPAIN i blått. Treningstrøye er PISA i svart.
Spelaren kjøper kamptrøye, treningstrøye, shorts og sokker sjølv. (sjå «INNKJØP» nede)

16-20 år: bruker blå trøye, SPAIN, i heimekampar og kvit trøye, SPAIN, i bortekampar. Shortsen er SPAIN i blått. Treningstrøye er PISA i svart. Spelaren kjøper treningstrøye, shorts og sokker, samt overtrekksdress, sjølv. (sjå «INNKJØP» nede)

Herre- og damelag: bruker klubbtrøye SPAIN i blått i heimekampar og i kvitt i bortekampar. Shortsen er SPAIN i blått. Spelaren kjøper shorts og sokker sjølv. (sjå «INNKJØP» nede)

KEEPERAR:

13-15 år: bruker vi keepertrøye MONACO primært i rød og handballbukse/treningsbukse i svart. Spelaren kjøper trøye, handballbukse/treningsbukse og sokker sjølv. (sjå «INNKJØP» nede)

16-20 år: bruker vi keepertrøye MONACO primært i rød og handballbukse/treningsbukse i svart. Spelaren kjøper treningstrøye, bukse og sokker sjølv. (sjå «INNKJØP» nede)

SJÅ KOLLEKSJONSPLAKAT FOR FLORØ SK HANDBALL KVA KOLLEKSJON SOM GJELD DEN NOVERANDE SESONGEN.

INNKJØP

Alle innkjøp av utstyr/klede må gjerast hjå Jobbpartner på Evja. Alle medlemmar i Florø sportsklubb har 20% i rabatt på alt utstyr frå Select hjå Jobbpartner.

Av og til rekk kanskje ikkje ressursane til i livet. Ta kontakt med leiar Morten Mortensen: morten.mortensen.mm@gmail.com viss du treng hjelp med finansiering av utstyr.


Ansvar:

Lagkontakt/trenar har ansvar for klubbtrøyene i kvart lag. Dei skal teljast etter kvar sesong, og talet på klubbtrøyer skal meldast til draktansvarleg i klubben seinast 1. juni.


KLUBBKOLLEKSJONEN


Vi skal bli betre - og det gjev vi oss ikkje på. 

Oppdatert 14. august 2025
Med forbehald om skrivefeil.



SKOR

Skor får spelaren velge sjølv. Her er litt man kan tenke på når det gjeld skor:

Handball er ein høgintensitetssport som man kan spela både inne i en handballhall og på ein utomhusbana. Det er ein sport som gjev både kropp og sjel ein riktig treningsøkt. Det er mange som elsker sporten og dei bruker skor og anna utstyr som er viktige for å spela på ein høg nivå. Skoa er sannsynlegvis det viktigste utstyret ein for handballspelar. Det finst treningsskor som er laga for handballspelarar og det finst skor som er laga for andre sporter som òg kan brukast til handball. Ditt val påvirkes av kva eigenskapar du vil at skoen skal ha og kva type av bane du spelar på. Her er nokre ting du skal tenke på når du skal kjøpe handballskor:

1. SKOSTØRRELSE

Dei fleste sportskor har standardstørrelser, frå 39-49 (Euro) eller 6-16 (USA). Ofte finner man riktig størrelse, utfordringen kan vere kor brei skoen er. Viss din fot er breiere enn vanleg, eller om fotbuen er redusert, kanskje man må ha ein breiere sko. Standard bredd for men er «D» og for kvinner «B». Bredden på skoen står oftest berre på skoen viss den ikkje er standard. Skobredd for menn går frå B til 4E og for kvinner frå 2A til 2E. Vil man som man ha ein smalere sko, kan man bruke ein damesko og damer kan bruke skor for menn viss dei ynskjer ein breiere sko.

Dei fleste leverendørar av handballskor har standardbredd på skoa, men dei som lager badminton- og volleyballskor kan ha forskjellige bredder. Yonex, Victor og ASICS sel breiere modeller som er perfekte for handball.

2. BANEFLATE

Handball blir spelt både på inne- og utebaner. På utebaner er det best med skor med vanlege gummisåler som forsterkar raske bevegelser og på innebaner er det best med gummisåler med bra grep på glatte overflater. På utebaner kan man bruke tennisskor og på innebaner kan man bruke volleyball- eller badmintonskor.

3. SKOENS VEKT

Skoen må vere lett, ellers blir det vanskeleg å oppnå det raske fotarbeidet man må ha når man spelar handball. Middelvekten på skor er rundt 290 gram. Det er mindre mødesamt  å springa og hoppe når man spelar i lettere skor.

4. PUSTENDE MATERIAL

Det er viktig at skoen er konstruert og har material som lar din fot å «puste». Mange sportskor er laga av skinn og og netting. Mengden netting på skoens overdel gjer stor forskjell på kor varm din fot er under intensive kampar.  Bra skor skal ikkje merkast når man spelar.

Her ser du Florø SK Handball sin klubbkolleksjon. Alt kan kjøpast/bestillast hjå Jobbpartner på Evja, tlf: 577 50 075
Med atterhald om trykkfeil.

KLISTER

(Frå NHF si webside)
«Det er tillatt å bruke klister. Det er tillatt med klister på skoene. Dette er ikke helsefarlig for motstanderen.

Derimot, er det ikke tillatt å legge klister på hånden eller på håndleddet. Dette utsetter motstanderen for helsefare, da klisteret kan komme i øyne eller ansikt. (Regel 4.9 ikke tillatt).

Nasjonale forbund har mulighet for å tilføye flere restriksjoner på dette området.

NHF kommentar: Bruk av klister er ikke tillatt i klassene Jenter/Gutter 14 år og yngre. Dette er ikke til hinder for at halleiere og/eller regionene kan ha forbud som også omfatter eldre aldersklasser.»

Det er ikkje tillatt å bruke klister i Florøhallen. Florø SK Handball har laga reglar for klisterbruk, med utgangspunkt frå NHF sine retningsliner.

Klisterbruk FSKH 2022 21 februar A4        Select Profcare KlisterINFO 

Del dette: