Damer: Sterk bortesiger for Florø 1 mot Eid 2

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 9. Mar 2026

Eid 2 - Florø 1 24-38 (10-17)

Florø 1 spela kamp mot Eid 2 borte laurdag morgon. Tidleg avreise, men jentene var vakne og klare frå start😁 

Med berre 9 spelarar, blir det mykje speletid på alle. Hedda Stigen hadde vondt i ryggen, men stiller opp, og spelar berre i forsvar. Der gjer ho ein veldig god jobb heile kampen 👏👏 


Maria stod veldig godt bak, plukka alle skot utanfrå, og tok mange frå kant òg. Forsvaret var veldig bra, slik det har vore dei siste kampane. Men i kampen mot Eid losnar det òg i angrep. Jentene spelar veldig bra saman, mykje bra rullespel ut til kantane.👏
👏

 

Og i dag losna det skikkelig for Leonora på lina. Ho spelar heile kampen, rører seg riktig, gode vendingar etter mottak. 

Weronika Kinn Breidvik, vikarierande lagleiar for damelaget Florø 1

Foto: Cecilia Molander, bileta er frå ein tidlegere heimekamp mot Eid 1