J16: Florø 2 ''an underdog story'' - og kanskje sesongens comeback
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 4. Mar 2026
Florø 2 - Gloppen 20-17 (9-10)
Sjå for deg ein roleg sundag, sola skin og fuglane kvitrar. Det fekk ikkje Gloppen oppleve, då Florø 2 mørkla hallen med eit hard forsvar ein seint vil gløyme. Men det kan umogleg ha vorte ein overrasking for alle som har lest referatet frå Florø 2 sin førre kamp, der herrelaget til klubben fekk sjå at Mia Kvellestad skal du halde på avstand.
Jentene startar fyrste omgangen med ein eld i irisen, eit blikk du må ha opplevd i person. Med meirsmak frå førre siger, og Gloppen på menyen i det som vert ein av sesongens viktigaste kampar. Etter ein solid innsats frå dagens kaptein Muniro Mohamed, som vinner både ball og avgjer at vi startar i forsvar – kampens essensielle psykologiske overtak – vert det ein maktdemonstrasjon frå keeper Frøya Strømmen, som ikkje slepp inn eit skot før tida viste 03:16, notorisk kjend for å stengje buret ved alle straffer.

Frøya vel at frå 07:27 til 22:05 spelte minutt, skal Gloppen berre få 1 skot forbi ho inn i nettet. Med 2 fenomenale tidsblokker på 08:03 + 06:35 som tilseier at buret var stengt i ein periode på 14 minutt og 38 sekund, her fekk ein sjå Gloppen verkeleg måtte jobbe utan noko resultat å vise til. Her vart både benk, tribune og keepertrenar for klubben sendt i ekstase. Men Frøya fekk god hjelp frå forsvarsrekkja mellom 10-20 spelte minutt, då Carmen Paulsen (kanskje inspirert av Mia i førre kamp) ville vise at ho ikkje berre spelar “Joga Bonito” i angrep, men også verkeleg kunne vere ein forsvarssjef som ikkje var redd for å brette opp ermet.
Etter ein solid defensiv omgang kunne vi fornøgd gå til pause med stillinga 9-10, her måtte vi opp å nikke i angrep. Heldigvis var taktikktavla varm frå 2009-jentene sin kamp, der Joakim nok ein gong kunne vise fram eit grunnleggjande pådragspel som i teorien skal funke 9 av 10 gongar mot Gloppen.

Og gjett om pådragspelet gidde god avling. Her fekk Linn Teigene vise at ho har ei lys framtid innan salsyrket, då ho utan tvil tripla kiosksalet i 2. omgangen. Her vart Gloppen ein etter ein tilvist til kasseapparatet, på Linn sin kommando. Her burde tribunen laga meir lyd – er ikkje kvardagskost at pølseboda er open på idrettsbygget. Og når Mia Kvellestad utførte eit perfekt vingutspel levert bak hovudet, mista trenaren Torbjørn det fullstendig på benken. Då han har gjentatte gongar i desperasjon ynskja det frå bakrekka. Her må publikum vise glede og jubel, slik at Torbjørn kan dyrke tilbake det lett og leikande spelet som gir glede, resultat og underhaldning.
Det kan også merkast at Mille Knapstad vart inspirert av Frøya sin presentasjon i første omgangen, då ho også ville stengje buret med berre 7 mål i 2. omgangen ved god hjelp frå forsvarslinja som har fått fint kalibrert seg i 25 minuttar, og veit nøyaktig kor skapet skal stå.
Ekstremt viktig siger, som gjer at moglegheita for å kjempe seg opp på tabellstigen vert litt lettare. Her visar jentene frå 2010-kullet at dei har trenarar som elskar eit ekstremt sterkt defensivt forsvar, og gode pådrag i angrep der dei spelar opp kvarandre. Jentene Carmen, Linn og Aurora må dele på toppskårarprisen med 4 mål kvar, noko trenarteamet er godt nøgd med. Dei ynskja å få alle på skåringslista kvar kamp, det gjekk ikkje heilt vegen denne kampen då Gloppen har ein ekstremt dyktig keeper. Men det skal seiast at dei som ikkje fekk notert seg på skåringslista gjorde ein vesentleg god jobb ved å spele dei andre på laget gode om det så var solide sperrer på strek eller gode pådrag frå bakrekka, samt å herje i forsvaret som var avgjerande for siger. Ein fin 3 måls siger vi er godt nøgd med. Ettersom vi allereie har dratt fram forsvarsstatistikken for Florø 2009-jentene, så trekk vi også fram Florø 2 jenter 2010 sin statistikk også. Med imponerande 283 mål mot i 16 kampar, så ligg snittet på 17,7 mål i mot pr. kamp. Og med 326 mål på 16 kampar, kan vi nøye oss med 20,4 mål pr. kamp offensivt i bana. Dette lovar godt for damelaget sin framtid, med solide forsvarsspelar frå kullet.
Torbjørn Osland, trenar for J16 i Florø SK Handball
Bilete: Torbjørn Osland, mobilbilete
Siste fra Florø Sportsklubb Handball
G17-20: Florø med god start mot Bjørnar
01.03.2026