J16: Florø demonstrerer at humør, tolmod og gode taktikkar har stor verdi.
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 4. Mar 2026
Florø - Gloppen 19-18 (8-11)
Det var ein fin og fredeleg ettermiddag, tribunen har nett fått observert damelaget kjempe seg til ein 1 måls seier. Spenninga var høg i fleirbrukshallen, og jentene frå 2009-kullet hadde ingen planar om å senke spenningsnivået.
Vi startar kampen bak skjema både tidsmessig og taktisk. Gloppen viser at heile bakrekka har ekstremt gode skytarar, med ein solid prikkskytingspresisjon idrettssenteret ikkje har opplevd på fleire år. Her var det lite den rutinerte 2010-keeperen Mille «Miles» Knapstad kunne gjere. Heldigvis har ho eit erfarent lag langs 6-metaren som etter kvart får kontroll på skytarane og som gjer jobben litt lettare i buret.
Gloppen har også eit bra forsvar, og ein fenomenal keeper som ein ofte finn på regionale uttak. Så vi får litt å jobbe med framover i bana, men ein vis mann sa ein gong “Hadde det vore lett, hadde alle gjort det”. Heldigvis hadde vi Lilly «Two Face» Hovden som forsvarsekspert, med avhandling innan “Trur du eg går på den gamle der?” slik at vi kunne stoppe Gloppen sitt notoriske “Kjell”-trekk, som verken Joakim eller Torbjørn forstår seg på, og ikkje minst kvifor det har vert så effektivt tidlegare. 
Jentene avslutta 2. omgangen sterkt med å effektivt og enkelt stenge buret med berre 7 mål til Gloppen, og 11 mål framover i bana. Ekstremt viktig seier, som gjer at moglegheita for sluttspel og tabelltoppen ikkje er så langt unna som ein kan håpe på. Florø 2009 er, ifølgje dei 2 ikkje så audmjuke trenarane, det beste defensive laget i J16-serien med 253 mål i mot på 16 kampar å vise til som statistikk. Eit imponerande gjennomsnitt på 15,8 mål i mot, ein statistikk som sett seniorlaga til klubben i skam. 
Mest imponerande er at i nokre kampar har vi stått med utespelarar i mål, og 1 spelar på benk. Då jentene sjølv ikkje har ein keeper på laget, men klarar å smiske til seg 2010-keeperane på nokre kampar. Og om ein skal skryte endå litt til av jentene så har dei 327 mål på 16 kampar, med eit gjennomsnitt på 20,4 mål pr. kamp. Statistikk som trenarane Torbjørn og Joakim er stolte og nøgd med, sidan filosofien er enkel: minst mogleg mål mot. Så slepper vi å jobbe så hardt i angrep for å kompensere for eit svakt forsvar. Ei lys framtid for Florø sitt damelag, der nokre av jentene allereie har vert med for å hjelpe Florø i damelagets opprykksdraum.
Draumen om sluttspel i fylkesmeisterskapen som i år vert arrangert i det notorisk og anerkjende lyskrysset Førde.
Torbjørn Osland, trenar for J16 i Florø SK Handball
Foto: Torbjørn Osland, mobilbilete


Siste fra Florø Sportsklubb Handball
G17-20: Florø med god start mot Bjørnar
01.03.2026