Select kleskolleksjon våren 2026
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 29. Jan 2026
No er plakaten for vårens kleskolleksjon endeleg klar! Vi gler oss til å vise fram årets nyheiter.
Nytt for sesongen er ein kul hoodie som passar perfekt saman med overtrekksgenseren, i tillegg til ei varm jakke for kalde dagar. Dette er plagg som både ser bra ut og fungerer godt i kvardagen – enten du er på veg til trening, kamp eller berre vil vise klubbtilhøyrsla di.
Hoodien bestiller de hjå Jobbpartner på Evja. Klubbprisen er kr 439,- for storleik 6/8/10/12/14, og kr 479,- for XS–XXXL.
Hugs at de alltid skal ha overtrekksgenseren på dei dagane de har kamp. Det er ein viktig del av klubbdrakta og fellesskapen vår.
Jakka er svart, med klubblogo og Sparebanken 1-logo på brystet. På ryggen, heilt nedst, står teksten FLORØ SK HANDBALL i refleks – både stilig og praktisk i mørket. Klubbpris er kr 719,- for storleik 10/12/14, og kr 799,- for storleik XS-XXXL.
Dessverre har ikkje reflekstrykket kome enno. De kan likevel bestille jakka no, og hente ho så snart ho er ferdig.
Løp og kjøp – dette vil de ikkje gå glipp av!


Siste fra Florø Sportsklubb Handball
Rema 1000 Håndballskolen i vinterferien
20.01.2026
SPU-samling jenter 2013
19.01.2026
Godt nytt handballsår!
09.01.2026