Reisebrev nr. 2 frå Gutar 2008 - Rovinj Handball Camp
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 27. Jun 2025
Rovinj 26.06.25
Vi er no ferdig med treningsdag 5. Tilsaman har vi hatt 11 økter; 9 felles og 2 egne målvaktstreninger som Tor-Capa og Noah har deltatt på. Det betyr at dei har hatt 2 dagar med 3 økter. Det er tungt i denne varmen så dei er heilt rå begge to 👊. På siste målvaktsøkta møtte berre «våre» 3 målvakter (kjem tilbake til talet «våre 3») og 1 tyskar. Det blei ei svært bra og intensiv økt og dei lærte mykje nytt. I tillegg fekk Noah og Tor-Capa mykje ros for godt fotarbeid og korrekt utfallsteknikk.
Dagleg treningsplan er 1 morgonøkt og 1 ettermiddagsøkt. Morgonøktene har starta enten kl. 07:15 eller 08:30 og ettermiddagsøktene kl. 16:45, 18:15 eller 19:15 og alle varer i 75 minutt. Nokre treningar er ute og nokre inne i hall. Vi har flest treningar utendørs og banene ligg rett nedanfor leilighetene våre - 2 minutt å gå. Handballhallane er ca 10 minutt i buss unna. Logistikken her fungerer veldig bra med eigne bussar med følge av representantar frå Rovinj Handball Camp.
Vi har fast oppmøte 10 minutt før trening og 10 minutt før bussavgang .
Den rutinen ser vi har lønt seg. Vi har observert at andre lag som kjem i siste liten og for seint blir «straffa» med mange push-ups, og forsøk på bortforklaringar blir berre straffa med 10 til😅
Alle trenarane har sin bakgrunn frå toppklubbar og landslag.
Trenarane er tydelege og set høge krav til disiplin og fokus. Dei startar alltid øktene med forventningsavklaringar og gjennomgang av tema. Dei er òg klare på at om ein ikkje skjønar ein øvelse må ein spørje.
Det er høg kvalitet og svært høg intensitet på alle treningane. Campen har ein raud tråd for kva ein skal gjennom og det er utvalgte tema for kvar trening. Eit ord som går igjen frå alle trenerane er «babysteps». Det betyr at det er dei små detaljane som er viktige og ein skal bli betre steg for steg. Det tek tid å bli god.
Øktene er også god inspirasjon for oss trenarar. Det er alltid nyttig å sjå korleis andre trenarar jobbar og det er alltid noko å lære.
Så tilbake til tydinga av «våre 3» målvakter. Florø G08 har «adoptert» sju rumenske spelarar frå Baia Mare som er med oss på alle økter. Dei har ikkje med seg trenaren sin i år – berre foreldra. Det er ein super gjeng som gutane har blitt veldig gode vener med.
Ein skulle tru dei var tomme for energi etter så mange økter i over 30 grader, men dei møtest til både sandvolleyball og fotball om kvelden før dei går til sengs. Dei rumenske gutane et òg alle måltid saman med oss – her høyrer vi gode samtalar og det blir knytt sterke vennskapsband🤾🏻♂️.
Onsdag ettermiddag drog vi i samla tropp til «Old Town Rovinj». Vi tok det sjarmerande lokal toget med 12 svenske jenter. Sjå bilde/ filmsnutt.
Vi gler oss til dei 2 siste øktene fredag 27.06. Laurdag vender vi nasen heim via buss til Venezia, fly til Gardemoen og buss vestover mot Florø.
På siste økta sa trenaren at dette er ei av dei beste gruppene han nokon gong har trena på denne campen, og han har vore med sidan oppstarten i 2003 🤩.
Då vi kom ut til bussen etter økta, sa ein annan representant frå Rovinj Handball Camp at ho hadde snakka med to andre trenarar dei har hatt gjennom veka, og dei hadde òg mykje ros til gutane.
Laget vårt og dei rumenske gutane har utmerkt seg og blitt ein snakkis. Det er så kjekt!
Vi er heldige som får være på treningsleir med desse kjekke gutane våre 🤩.
Helsing trenar teamet for G2008
Vibeke Mowatt og Ole Bernt Solheim
Her finn du bilete frå reisa: ROVINJ HANDBALL CAMP 2025
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Florø Sportsklubb Handball

En oppsummering frå Stord Cup forrige helg
12.06.2025