Samling for handballstrenare som har fullført Trenar 1-kurset
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 20. Feb 2025
I førre veke hadde vi samling for trenarar som har fullført Trenar 1-kurset og som skal starte på Trenar 2. Her fekk vi mellom anna informere om bonus til dei som har fullført, og vi fekk motivert dei for neste steg.
Vi har mange engasjerte trenarar i klubben, og nokre av dei møtte opp – både dei som har fullført Trenar 1 og som ønskjer å ta Trenar 2, og dei som mangla nokre modular frå førre runde.
Barnehandballansvarleg: Marie Arnstad, som nyleg har teke Trenar 2-kurset og har vore trenar i 4,5 år, hadde ei gjennomgang av kva innhaldet i kurset er. Ho fortalde mellom anna at det var veldig gjevande å vere med på kurset, for man får mykje kunnskap om "coaching" som ein òg kan bruke i kvardagen.
Når ein tek dei ulike trenarkursa i handball for Florø SK Handball, gjev klubben bonus til dei som fullfører kursa. Jorunn Farsund gav informasjon om bonusen og kva som krevst for å få han utbetalt.
Handballeiar Morten Mortensen gav ei kort orientering om måla i handlingsplanen for trenarkompetanse.
Tusen takk til alle som møtte opp og bidrog til ei inspirerande samling! No ser vi fram til neste steg på trenarreisa!
Vi oppmodar alle trenarar til å ta del i dei nye moglegheitene som ligg føre oss, og vi ser fram til å følgje utviklinga blant både nye og erfarne trenarar. Samlinga var ei viktig påminning om kor verdifullt engasjementet vårt for handballen er i lokalsamfunnet!
Leiar for handballgruppa i Florø sportsklubb: Morten Mortensen.
Samtale mellom trenarar før samlinga starta.
Marie Arnstad, som er ansvarleg for barnehandballen i handballgruppa.
Morten informerar om utviklinga i handballgruppa.
Jorunn Farsund, kasserar i handballgruppa, informerte mellom anna om utbetaling av bonus.
Marie sa at det var veldig givande å vere med på Trenar 2-kurset.
Morten og Marie hadde mykje informasjon om Trenar 2-kurset.
Trenarane høyrte interessert på.
Etterpå var det tid for spørsmål.
Siste fra Florø Sportsklubb Handball

Årsmøte i Florø SK Handball
11.03.2025

G16-kamphelg i Florø 8. og 9. mars 2025
10.03.2025

Spennende kamp og flott seier for herrelaget
02.03.2025

Håndballskole i vinterferien er gøy
21.02.2025