Florø/Bremanger G16 – Handballsamhald på tvers av fjord og bygd
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 15. Des 2025
Florø/Bremanger G16 er eit samansatt handballag som samlar spelarar frå Bremanger, Florø og Eikefjord. Laget spelar i Florø Sportsklubb sine tradisjonelle blå drakter og har Florø idrettssenter som fast treningsarena kvar måndag.

Det som gjer dette laget spesielt, er innsatsen og viljen til å satse på handball – sjølv med store avstandar. Spelarane frå Bremanger reiser med båt frå Smørhamn til Florø, og er klare til trening klokka 17.30. Etter økta returnerer dei heim med båten klokka 20.00.
Dia er trenar for gjengen på måndagstreningane, og på kampdagar er det Rasmus, Trine, Olaug og Marco som styrer benken. Laget består av gutar fødde i 2011 og 2010, samt éin spelar fødd i 2009 – ein flott miks av unge talent som jobbar hardt for å utvikle seg.
Florø/Bremanger G16 er eit godt eksempel på korleis samarbeid mellom bygdene kan skape sterke lag og gode opplevingar.
Vi gler oss til å følgje denne gjengen vidare gjennom sesongen!
Trine Vokuhl Havn, trenar for G16 Florø/Bremanger
Foto: Cecilia Molander
Fleire bilete finn du her: https://handball.florosk.no/old/gallery/album.rails?uid=1103852594&aid=91736
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.