Kjekk treningshelg for J2013 saman med Bønes og Øygarden

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 5. Okt 2025

Denne helga har det vore treningshelg for jenter 2013 i Florø idrettssenter. 

8 jenter frå Florø har hatt besøk av 6 jenter fra Øygarden og 9 jenter fra Bønes, foreldre og trenarar. Saman har jentene fått to gode treningsøkter med Dia, der fokuset har vore på grunnleggande teknikk, samt bevegelse i angrep.  

 


Helga har bydd på god aktivitet og høve til nye bekjentskap, både for jentene og dei vaksne. Jentene har fått utvikla seg som handballspelarar, og dei vaksne har vorte servert svært jamne og spanande kampar mellom laga.

 

To lag sov i hallen medan eit lag hadde booka seg inn på hotell. Alle tre laga samla seg til sosial aktivitet med quiz, leik og mulighet for meir bekjentskap laurdag kveld.  

Sundag var det ein treningsøkt og etter lunsj, treningskamp mellom Florø og Øygarden. Bønes tok turen til Havhesten for å kose seg litt i symjehallen.

Takk til alle som har bidrege på ulike måtar for at dette skulle bli ei fin helg for jenter 2013. 
Tusen takk til Rema 1000 Evja og Rema 1000 Amfi som sponsa oss med til saman kr 3000.-. Dette gjekk til god, sunn mat til frukost og lunsj, og til snacks for jentene på kvelden. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå besøkjande lag, med ønskje om fleire slike treningssamlingar. 

  


Silje Kristin Trettevik, arrangør


Foto: Cecilia Molander

Fleire bilete finn du her:
https://handball.florosk.no/old/gallery/album?uid=1103852594&aid=91658