En oppsummering frå Stord Cup forrige helg
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 12. Jun 2025
J2010:
Etter ein lang biltur med endå lengre ferjekø fredag ettermiddag, var vi endeleg på plass på Stord Handballfestival 2025, klare til å møte heimelaget Stord 1 i pulje A, innleiande runder. Vi møtte eit sterkt og fartsfylt handballag, og heimelaget tok ein klar siger over oss med 22–4. Ein litt tøff start på cupen.
Men laurdag snudde det med ein god siger over Kvinnherad, og stemninga var på topp igjen.
Vi var i pulje A saman med det polske laget, og det var dette laget vi såg mest fram til å møte. Vi stod godt i forsvar og hadde fart framover, og gjekk til pause med stillinga 5–7 – berre to mål bak, og framleis håp om siger. Sjølv om vi kjempa hardt og spelte ein god kamp vi er veldig nøgde med, enda det med siger til SKS Kusy Krakow, 16–8. Men det var spennande og gøy å få spele mot eit utanlandsk lag.
J2010 kom på 4. plass i pulja og gjekk vidare til B-sluttspelet med 1 siger og 3 tap.
Kvartfinalen vann vi solid med 18–8 over Randaberg Handballklubb.
I semifinalen møtte vi same laget som i den innleiande runda, men denne gongen var det vår tur til å gå sigrande ut med tre mål – ein skikkeleg lagseier som sikra oss ein plass i finalen mot Førde.
I finalen sette vi opp tempoet frå start og fekk ei god leiing tidleg i kampen, ei leiing vi heldt heile vegen inn. Dermed kunne vi reise heim med pokal og ein 1. plass i B-sluttspelet.
Stord Handballfestival var ein kjekk cup å vere med på. J2010 har hatt ein flott cup, både sosialt og med mykje god handball. Trass i nokre store tap i dei innleiande kampane, har vi spelt vårt beste, vist oss fram og fått med oss fleire lagseirar.
Det var ein sliten, men nøgd gjeng som reiste heim att til Florø måndag ettermiddag.
J2010 og SKS Kusy Krakow
J2010
J2010 og Førde - B-finalen i sluttspelet.
J2010 etter finalesigeren i B-sluttspelet.
G2011:
Reiste med 11 spelarar (2 målvakter) og spelte 4 innleiande kampar.
Vi gav dei beste laga god motstand, men rota det litt til og miste hovudet i kampane vi eigentleg burde ha vunne.
I kvartfinalen i B-sluttspelet spelte vi ein god kamp mot eit litt betre lag, men tapte til slutt med 3 mål.
J2011:
J13 reiste med 20 jenter fordelt på to lag.
Florø 1 spelte veldig gode kampar fredag og laurdag. Dei vann mot Åsane, men tapte mot Sandnes, som enda på 2.-plass. Søndag mista vi ein bakspelar på grunn av sjukdom, og tapte kvartfinalen i B-sluttspelet – ein kamp vi truleg hadde vunne med laget slik det var laurdag. Laget vi tapte mot, vann B-finalen til slutt.
Florø 2 spelte to uavgjorte og vann éin kamp i puljespelet, og vart nummer 2 i si pulje. Dei spelte kvartfinale i A-sluttspelet mot eit sterkt lag. Det blei ein jamn kamp, men vi tapte til slutt.
I tillegg hadde vi med eitt lag i J14-serien, der 15 av 20 spelarar hadde lyst å vere med. Vi spelte veldig bra og vann alle kampane og gruppa. Til slutt fekk vi spele mot Krakow frå Polen, og tapte den kampen med god margin. Det var kjekt å spele mot dei, og dei enda opp som nummer 2 totalt.
Oppsummering G2011 og J2011:
Vi reiser på cup først og fremst for det sosiale – og det fekk vi verkeleg mykje av! Spelarane heiar på kvarandre under kampane, og det var mykje moro og god stemning på kveldane på skulen.
Sportsleg sett hadde gutane litt uflaks og var kanskje litt udyktige i enkelte situasjonar. Jentene imponerte derimot stort og gjorde det langt betre enn forventa – alle kom vidare til A-sluttspelet!
G2011 til frokost.
J2011 til frokost
J2009:
Jentene reiste avgarde til Stord Cup fredag. Etter litt venting på ferja rakk heile gjengen akkurat fram i tide til Peppes.
Fyrste kamp gjekk laurdags morgon mot Åkra, og enda i ein nervepirrande siger med eitt mål – avgjort i siste sekund! Etter det spelte vi to kampar til laurdag og to søndag, som dessverre alle enda med tap.
Jentene spelte god handball og var jamgode med alle laga, sjølv om det denne gongen blei fleire tap enn sigrar. Når jentene spelar på styrkane sine – knallsterkt forsvar og skikkelege trekk i angrep – frustrerer dei både Bergen- og Stavanger-laga vi møtte.
I tillegg har vi hatt ein veldig kjekk og sosial tur, med blant anna god teambuilding gjennom sandvolleyball. Alle har kosa seg stort, og vi gler oss til ein ny sesong til hausten!
J2009 i paraden
J2009 spelar sandvolleyball
Tekst og bilete J/G2011:
Weronika Kinn Breidvik, trenar
Tekst og bilete J2010:
Jeanette Bareksten, trenar
Tekst og bilete J2009
Joakim Espeset Larsen, trenar og leiar for sportsleg utval i Florø SK Handball.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.