God jul frå Florø Sportsklubb!
Postet av Florø Sportsklubb den 21. Des 2025
Vi i hovudstyret vil rette ei stor takk til alle spelarar, trenarar, frivillige og støttespelarar for den fantastiske innsatsen gjennom året. Svømming, fotball og handball har gjeve oss mange gode opplevingar, samhald og ekte idrettsglede – akkurat slik vi ønskjer det skal vere i klubben vår.


I Florø Sportsklubb er det stor aktivitet i alle gruppene våre. I dag har vi om lag 1 200 aktive utøvarar, eit tal som har vore stabilt dei seinare åra. Vi er stolte av å vere den største klubben i Kinn kommune.
Det at alle gruppene jobbar aktivt med inkludering – fellesskap på kvart lag, i kvar gruppe og på tvers av idrettane er ein viktig faktor. Når vi trener saman med eige årskull og både yngre og eldre årskull, blir vi kjende med kvarandre. Det er første steget mot å kjenne tilhørighet.

Anlegg.
Det jobbes aktivt for å etablere ein ny fullskala fotballhall ved Litlevatnet, sjølv om det har vore stille mot offentlegheita ei stund, så kan eg sei at det arbeides godt med desse planane. Det kjem informasjon kring dette arbeidet ut til dykk så snart det er klart.
Elles så er Furheim snart ferdig og det jobbes i desse dager med tak over tribuna ved kunstgresset, som vi håper blir realisert og som vil være eit kjærkomment tilskudd til publikum og spelarar.
Vi veit alle at det trengst fleire fleirbruksflater. Når fotballhallen står ferdig, ønskjer vi sjølvsagt at Florø idrettssenter blir bygd om slik at det kan huse fleire av desse flatene.


No går vi inn i ei tid for kvile, hygge og gode stunder med familie og venner. Vi ser fram til eit nytt år med nye mål, nye kampar og nye rekordar – og ikkje minst nye minner saman.
God jul og godt nytt år!
🎄✨
Hovudstyret i Florø Sportsklubb
v/leiar Trine Havn
Foto: Cecilia Molander (handball og fotball), Tina Aga (svømming)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.