No kjem handballskulen igjen!

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 13. Sep 2025

No kjem handballskulen igjen! 

Om du er 6 – 12 år og skal vere heime i haustferien, har vi ein kjempegod idé til kva du kan gjere! Du kan nemleg lære deg verdens morosamaste ballspel: HANDBALL! 

Norges Håndballforbund er ansvarleg for REMA 1000 Håndballskolen, som blir arrangert av Florø SK Handball i skulen si ferieveke.  

Dette er REMA 1000 Håndballskolen:   

«Håndballskolen» er tilbod til alle, anten du allereie spelar handball, eller har lyst til å prøve for fyrste gong. Barna blir delt inn i grupper etter alder og kor mykje dei kan om handball. Det blir lagt opp til allsidig trening og leik, slik at barna har det kjekt. «Håndballskolen» varer i tre dagar: 6. oktober – 8. oktober frå kl. 09:00 til kl. 14:00. 

Dette får du:  

Blir du med på REMA 1000 Håndballskolen, får du i tillegg til mykje moro, ei utstyrspakke med eigen handball, t-skjorte og diplom.  

 

Måltid:

Det blir servert enkel lunsj med brødmat og pålegg samt vatn, saft eller smoothie til måltida. Deltakarane et i grupper. I tillegg blir det servert frukt i innlagde pauser for å sikre nok næring og energi.

Påmelding:  

Føresette/foreldre melder deg på REMA 1000 Håndballskolen på: 

www.handball.no (Region Vest).  (Hugs å velje Florø SK Handball i det gule feltet på skjemaet..)

Påmeldinga stenger 22. september.  

Ytterligere informasjon:  

Ønskjer du meir informasjon, gå inn på www.handball.florosk.no , eller ta kontakt på: info@florohandball.no