Kategori
Arkiv
Florø Sportsklubb kåra til Årets klubb!
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 11. Mai 2025
Florø Sportsklubb kåra til Årets klubb! 🏆
Laurdag 10. mai blei Florø Sportsklubb heidra med den gjevaste prisen ein handballklubb kan få: "Årets klubb" på Handballtinget 2025! Vi er uendeleg stolte og djupt audmjuke for denne fantastiske anerkjenninga.
Her er eit utdrag frå nominasjonen:
Årets klubb praktiserer HANDKAMP FOR ALLE.
Klubben har lag i alle jenteklassene, dei fleste guteklassene, samt TH-lag. Dei samarbeider også med asylmottaket og krisesenteret.
Klubben har ulike ordningar for å få med alle. I vinterferien arrangerer dei gratis handballskule for born opp til 12 år.
Klubben er oppteken av utdanning, og betaler for kurs og utdanning for trenarane. Dei som fullfører, får òg ein bonus. I tillegg har klubben ein tilsett hovudtrenar med ansvar for både dame- og herrelaget. Han har også økter med alle lag frå 13 år og oppover, og fungerer som mentor for dei andre trenarane.
Når det gjeld dommarar, oppfyller klubben dommarkvoten sin og har ei eiga mentorordning for dommarutvikling. Klubben arrangerer årleg ein cup, og er sertifisert som klubbhus 1. No jobbar dei med sertifisering for klubbhus 2.
Prisen er eit kraftfullt bevis på alt det utrulege arbeidet som skjer i og rundt klubben vår kvar einaste dag. Dette er ein pris til spelarar som gir alt på bana, trenarar som inspirerer og utviklar, føresette som stiller opp i sol og regn, dommarar som held spelet i gang, og alle dei frivillige som gjer Florø SK Handball til ein inkluderande, varm og trygg møteplass for små og store.
💙 Vi er stolte av å vere ein klubb der alle blir sett, og der innsats og samhald betyr like mykje som resultat på tavla.
Leiar i handballgruppa, Morten Mortensen, var til stades i Oslo og tok imot prisen på vegner av heile Florø Sportsklubb. Han kunne stolt ta imot applausen for ein klubb som har vakse seg sterk gjennom hardt arbeid, ekte engasjement og ein enorm dugnadsånd.
Tusen takk til alle som er med og gjer Florø Sportsklubb til den fantastiske klubben den er! 💙 Dette er ein pris vi deler – og feirar – saman!
Alle foto: Svein André Svendsen Norges håndballforbund
Morten Mortensen, leiar av Florø SK Handball.
Morten Mortensen og Thorir Hergeirsson, tidlegere trenar for Noregs kvinnelandslag i handall.
Styremedlem Nora Kaalstad delte ut prisen til klubben sin leiar: Morten Mortensen.