Select kleskolleksjon våren 2026

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 29. jan 2026

No er plakaten for vårens kleskolleksjon endeleg klar! Vi gler oss til å vise fram årets nyheiter.

Nytt for sesongen er ein kul hoodie som passar perfekt saman med overtrekksgenseren, i tillegg til ei varm jakke for kalde dagar. Dette er plagg som både ser bra ut og fungerer godt i kvardagen – enten du er på veg til trening, kamp eller berre vil vise klubbtilhøyrsla di. 

Hoodien bestiller de hjå Jobbpartner på Evja. Klubbprisen er kr 439,- for storleik 6/8/10/12/14, og kr 479,- for XS–XXXL.

Hugs at de alltid skal ha overtrekksgenseren på dei dagane de har kamp. Det er ein viktig del av klubbdrakta og fellesskapen vår.

Jakka er svart, med klubblogo og Sparebanken 1-logo på brystet. På ryggen, heilt nedst, står teksten FLORØ SK HANDBALL i refleks – både stilig og praktisk i mørket. Klubbpris er kr 719,- for storleik 10/12/14, og kr 799,- for storleik XS-XXXL.

Dessverre har ikkje reflekstrykket kome enno. De kan likevel bestille jakka no, og hente ho så snart ho er ferdig.

Løp og kjøp – dette vil de ikkje gå glipp av!


 







Rema 1000 Håndballskolen i vinterferien

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 20. jan 2026

No kjem handballskulen igjen! 

Om du er 6 – 12 år og skal vere heime i vinterferien, har vi ein kjempegod idé til kva du kan gjere! Du kan nemleg lære deg verdens morosamaste ballspel: HANDBALL! 

Norges Håndballforbund er ansvarleg for REMA 1000 Håndballskolen, som blir arrangert av Florø SK Handball i skulen si ferieveke.  

Dette er REMA 1000 Håndballskolen:   

«Håndballskolen» er tilbod til alle, anten du allereie spelar handball, eller har lyst til å prøve for fyrste gong. Barna blir delt inn i grupper etter alder og kor mykje dei kan om handball. Det blir lagt opp til allsidig trening og leik, slik at barna har det kjekt. «Håndballskolen» varer i tre dagar: 16. februar -18. februar frå kl. 09:00 til kl. 14:00. 

Trykk på lenkja, så kjem du til info og påmeldingslenkje:

https://handball.florosk.no/next/p/98521/rema-1000-handballskolen





SPU-samling jenter 2013

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 19. jan 2026

SPU-samling jenter 2013
Sundag 18. januar, var 3 av jentene frå Florø SK Handball 2013 på SPU-samling (SPU‑samling = samling for spelarutvikling) i Jølster saman med 21 andre jenter frå kretsen. 
Instruktør Johnny Pedersen hadde denne gongen fokus på kast og mottak, og hadde lagt opp til gode øvingar knytt til dette.

Jentene fekk ei god treningsøkt og moglegheit til å bli kjende på tvers av laga i kretsen. 
Vi håpar på fleire slike økter framover!

Silje Kristin Trettevik, foreldrekontakt for J2013 Florø SK Handball





Godt nytt handballsår!

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 9. jan 2026

Godt nytt år! 

No har vi kome i gang med handballkampane 2026.

Laurdag har vi miniturnering i Florø idrettssenter for Gutar 10 år.

Oppsettet finn du her: https://handball.florosk.no/next/events/p/1000148508/gutter-10-a01-sf---januar---miniturnering

Følg oss gjerne på Facebook: https://www.facebook.com/floroskhandball
og på Instagram: https://www.instagram.com/floroskh/

Heia Florø!