Vestkystcup 2026




VELKOMMEN TIL VESTKYSTCUP 2026:

2. OKTOBER - 4. OKTOBER

Velkomen til turneringa der lag blir bygde.
Kjend for sin gode mat, der overnatting og speleflater er vegg i vegg, og fleire morosame aktivitetar gjennom heile helga.
Dette vil du ikkje gå glipp av!

Ei unik moglegheit til å reise på cup med laget, der samhald, gode minne og opplevingar står i fokus!

For jenter og gutar 9-16 år, 17-20 år og TH-lag.


PÅMELDING: https://www.profixio.com/app/vestkystcup-2026


                                                                        

VELKOMMEN TIL VESTKYSTCUP 2026

                       

PROGRAM OG INFORMASJON

Florø SK Handball ønsker velkommen til Vestkystcup i Florø fredag 2. oktober til sundag 4. oktober.
Turneringa samlar i år 35 lag, frå 10 klubbar.
«Fair Play» under turneringa er viktig for oss. Det handlar om å vise respekt for medspelar, motspelar, trenar og dommar, både på og utanfor bana. I løpet av turneringa vil vi ha ei kåring av det laget som viser dei beste haldningane.                        

Vi vil rette ei spesiell takk til alle frivillige, foreldre og sponsorar som før og under turneringa legg ned ein stor innsats, for å legge forholda til alle deltakarane best mogleg til rette under Vestkystcup 2026.


ANSVARLEGE FOR VESTKYSTCUP 2026 ER:

                       
VKC-sjef
Elisabeth B Nygaard959 66 535
HovudsekretariatLine Gjengeseth
997 33 327

Overnatting 

Nina Steindal
996 35 363
BanesekretariatMartin Christensen
456 91 523
KampoppsettElisabeth B Nygaard
959 66 535
Dommaransvarleg Elisabeth B Nygaard
959 66 535
SportsansvarlegMartin Christensen459 91 523
ReinhaldRuth Sølvi Helland916 25 143
Vakthald VGS
Vakthald FIS
Lene Kroppan
Nina T. Ness
416 30 705
970 96 368
FørstehjelpsansvarlegOle Johnny Huus
Weronika Kinn Breidvik
900 60 901
906 88 277
Fair PlaySilje Kristin Trettevik957 00 458
KioskHelene Tresnes Vårvik992 56 717
Media (fredag og sundag)Cecilia Molander
901 74 820
                                                                                                                                 


                                                                                                                                 

ANKOMST                    

Klubbens ansvarlege leiar skal melde lagets ankomst til innsjekk i "Hovedsekreteriatet" på Florø idrettssenter (FIS). Her vil informasjonsmateriell bli utlevert samt turneringspass og T-skjorte. Dersom betaling for deltakarkort og påmeldingsavgift ikkje er registrert, kan Vestkystcup be om at kvittering på at denne visast. Overnatting finn stad på Florø vidaregåande skule.                     

VIKTIG: Gjer dykk kjend med nødutgangar og merk dykk møteplass ved eventuell evakuering.

                       

ANSVARLEG LEIAR OG OVERNATTING                      

Alle deltakande lag skal før turneringa registrere spelarar og leiarar i Profixio.                      

Kvart lag er også pålagt å ha ein voksen leiar som er ansvarleg for deltakarane si adferd under reisa til og frå arrangementsstaden og under opphaldet. Det er verdifullt utstyr på overnattingsrom, så vi krev at det er vaksne på rommet dersom barn oppheld seg der. Vakter på VGS kan låse av rommene når de forlet rommet, ta kontakt med vakter i foajeen

NB! Eventuell skade på overnattingsstad vert å erstatte av overnattande lag.

Utsjekking frå romma før kl. 12 sundagen. Romma skal sjekkast og godkjennast saman med representant frå reinhald/vakthald før ein kan forlate skulen.                     


ORDENSREGLAR                       

All bruk av rusmiddel – under reise og under opphaldet – er forbudt! Regelbrudd fører til umiddelbar bortvising og rapport til NHF.


                                                                        

INTERNETT                      

Sjå gjestenett

                        

MATSERVERING                                                                       

All mat for overnattande gjester vert servert i kantina til Florø vidaregåande skule (VGS). Vi ber om at lagleiarar ser til at spelarane rydder etter seg til alle måltid.                      

Kveldsmat fredag: 19:00 – 22:00, Brødmat
Frukost laur/sun: 07:00 – 09:30, Brødmat
Middag laurdag: 15:00 – 17:00, Tacobuffet
Lunsj sundag: 12:00 – 14:00, Lunsj - take away 

Om ein på grunn av kampoppsettet ikkje rekk måltid innanfor gitte tider, gje melding til kjøkkenet på VGS, så skal vi forsøke å tilpasse oss.
Mat utanom desse tidene kan ein kjøpe i kiosken på Florø idrettssenter.  

For dei som meldt tilbake om allergiar, har vi alternativ - ta kontakt med personalet der for avklaringar.

                        

KIOSK                     

Kiosken på Florø idrettssenter er open:

Fredag kl. 17:00 – 22:00 
Laurdag kl. 08:15 – 20:00 
Sundag kl. 08:15 – 16:00.                        


Dei sel blant anna pastasalat, pommefrites, pølse med brød, sandwich, yoghurt og kaker.

                        

UNDERHALDNING                      

Laurdag kveld blir det konsert og diskotek kl. 20:00-22:30 i Flora vidaregåande skule.

Dørene ved Florø idrettsenter vil bli stengt kl 22:30 fredag og 21:00 laurdag. Det skal det være ro på skulen etter kl. 23.00 begge dager.

                        

SPELARAR

Kvart lag kan delta med 14 spelarar per kamp. Dispensasjon gjeve iht. regelverket gjeld, og må kunne visast fram ved førespurnad.                        


SPELEREGLAR

Turneringa spelast etter NHFs sine spelereglar.
Unntak:  

1. På grunn av turneringa si tidsramme er det ikkje tillatt med lags-time-out i kampane. Ingen timeout ved utvisningar eller 7-meterkast.
2. Vi har ikkje finaler eller sluttspel for lag under 13 år.
3. Vi følgjer hovudprinsippa til NHF for å rangere laga ved like mange poeng etter innleiande serie.
4. Om uavgjort resultat i sluttspel, vert kampen avgjort ved loddtrekning for avkast. Første målet vinner inntil 5 minutter. Er det fortsatt uavgjort         avgjøres kampen med loddtrekning.
5. Lag som ikkje er på plass til tidspunktet kampen er annonsert taper kampen.

                       

AVKAST

Laga må vere klare på bana 5 minutt før kampstart. Dommaren blæs kampen i gang ved oppgitt tidspunkt for kampstart. Bortelaget skifter drakter eller brukar vest ved like drakter. Det er laga sitt ansvar å sjekke dette i god tid før kampstart. Det vil vere overtrekksvestar ved kvart banesekretariat dersom like drakter ikkje kan unngåast. Heimelaget stiller med kampball og har avkast.

DRAKTFARGAR (heime) på spelande lag 2026 (trøyfarge står først):
AURLANDBLÅ-BLÅ
BJØRNRØD-SVART
BREMANGERRØD-RØD
EIKEFJORD ILORANSJE-SVART
FYLLINGEN HÅNDBALLGUL-BLÅ
FLORØ SKBLÅ-BLÅ
FØRDE ILKVIT-SVART
SOGNDAL IL KVIT-SVART
VADMYRABLÅ-BLÅ
ØYGARDENBLÅ-BLÅ


                                                                        

GRUPPESPEL                                                                        

I gruppespelkampar starter førstnevnte lag (heimelag) til venstre for banesekretariatet på Bane 1 og 3. På Bane 2 (dekke) starter førstnevnte lag (heimelag) til høgre for banesekretariatet. På Bane 3 er det kun tidtaking. Førstnevnte lag stiller også med kampball og har avkast.

                       

SLUTTSPEL                      

I sluttspelkampar starter førstnevnte lag til venstre for banesekretariatet, men avkast avgjerast ved loddtrekning tatt av dommarane før kampstart. Førstnevnte lag stiller også her med kampball.

                       

JURY                      

Vestkystcup oppnevner ein turneringsjury med arrangørens representant som leiar. I tillegg består juryen av 2 representantar frå gjestande lag.

Leiar: Martin Christinsen, mob. 456 91 523
Marco Schaarshmidt, Eikefjord
Linn Solheim-Sunde, Førde                        


Juryen behandlar eventuelle protestar umiddelbart. Juryens avgjersla er endeleg.

                       

PROTESTAR

                       

Protest må leverast juryen seinast 30 minutter etter kampslutt. Gebyr for innlevering av protest er kr 500,- og dette må innbetalast saman med protesten.

                        

KLISTER
Det er berre i klassane J/G 15 og eldre det er lov å bruke klister. Det er lov å bruke vannbasert klister. (Select Profcare er godkjent klister)


PULJENE SPELAST SLIK:                       

Kampoppsett finn du i Profixo.

                       

BANER                    

Kampane spelast på 2 baner.                      

Bane 1: Fleirbrukshallen
Bane 2: Fotballhallen, der det er lagt handballdekke

                       

Begge banene er i underetasje i Florø idrettssenter.

                                                                        

INFORMASJONSTAVLER:                       

På vegg i hovudsekretariat og tavler i foajé heng skilt med nødvendig informasjon, eller skilt med QR-kode til informasjon, for cupen. Kampresultat vil visast på ein skjerm på FIS i foajé. Det er eit relativt nytt monitorsystem i FIS som vi bruka i fjor for fyrste gong. Viss dei ikkje virker så har vi ein analog backup i hallen. Last gjerne ned gratis PROFIXIO-app frå Google Play og App Store. Der blir endringar og resultat oppdatert kontinuerlig.


FOTOGRAFERING AV LAGBILETE

Ta kontakt med hovudsekretariatet når de vil booke time for lagfotografering.                        


EVAKUERING

Ved ein eventuell brann eller likn., skal heile bygget evakuerast. Info om nødutgangar finst på kvart rom, hovedsekretariatet, i banesekretariatet og om du skanner denne QR-koden:    KJEM STRAKS


                                                                        

EVALUERING

Vi ønskjer at dette skal bli ei turnering som skal vekse seg større. For at lag skal ønske å komme tilbake til Florø vil vi prøve å gjere denne turneringa best mulig. Vi håper difor trenarar/lagkontaktar kan bruke litt tid på å fylle ut evalueringsskjema som ligg i lagmappa. Levér dette i hovudsekretariatet før avreise.                        

På førehand takk.

                       

TELEFONNUMMER

                       

Legevakt: 116 117
Kinn taxi: 973 33 111
Taxi Limousin Florø: 951 55 335
Politi: ”Når hjelpa kan vente litt” 02800
Brann: 110
Politi: 112
Ambulanse: 113

                       

FAIR PLAY                    

I løpet av turneringa vil vi ha kåring av det laget som viser dei beste haldningane. Vi vil vektlegge å sette fokus på Fair Play i turneringa. De skal ha eit blikk på andre lag og vurdere kven som viser dei mest positive haldningane til dommar, medspelar og motspelar. I lagmappa finn de ein QR-kode til forms-skjema vi ønskjer de fyller ut og leverer i hovudsekretariatet. Dette gjer de før sundag kl. 12:00. Vinnande lag vil få eit Fair Play-trofé.

            QR-KODE FOR FAIR PLAY KJEM STRAKS.                                            
    
                                                                        

ORDEN                      

Alle må rydde etter seg på romma og vi oppfordrar alle til å rydde etter seg i fellesarealet. Då blir miljøet betre å ferdast i for oss alle. Forøvrig oppmoder vi alle til å ta vare på sine verdisaker. Det finst skap i nedre etasje på Florø Idrettssenter som kan låsast med hengelås. Hengelås kan kjøpast i kiosken for 50kr.

                       

Vestkystcup ønskjer spelarar, trenarar og dommarar lykke til!


Med atterhald om endringar som ikkje er oppdatert.

   

Profixio sin app med resultater og likn., laster du ned her:

       QR-code og lenkje for nedlasting av Profixio sin app App Store

QR-code og lenkje for nedlasting av Profixio sin app Google play

 

 

Kart

 


 

 

VELKOMMEN! 😃

GENERALSPONSOR:




Detaljer

Start:
2. oktober kl.17:00
Slutt:
4. oktober kl.17:00

Arrangør

Florø SK Handball

E-post:
vkc@florohandball.no

Telefon:
Elisabeth Nygaard 959 66 535