Vestkystcup 2026




VELKOMMEN TIL VESTKYSTCUP 2026:

2. OKTOBER - 4. OKTOBER

Velkomen til turneringa der lag blir bygde.
Kjend for sin gode mat, der overnatting og speleflater er vegg i vegg, og fleire morosame aktivitetar gjennom heile helga.
Dette vil du ikkje gå glipp av!

Ei unik moglegheit til å reise på cup med laget, der samhald, gode minne og opplevingar står i fokus!

For jenter og gutar 9-16 år, 17-20 år og TH-lag.


PÅMELDING: https://www.profixio.com/app/vestkystcup-2026


TURNERINGSREGLEMENT

SPELARAR                                               

I aldersklassen 9-10 kan kvart lag delta med 12 spelarar per kamp. I aldersklassen 11-16 kan kvart lag delta med 14 spelarar per kamp.

                    

DISPENSASJON

Dispensasjon gjeven av NHF for spel i regionsserien gjeld, og må kunne visast fram. Vestkystcup er ein breiddecup, som vil at flest mogleg skal få vere med.
Turneringsleiinga kan difor også tillate dispensasjon for spelarar for lag som treng det for å kunne stille lag. Det må vere godkjent før første kamp, og turneringsleiinga pliktar å informere dei andre laga i aldersklassen.
 

FAIR PLAY             

Vestkystcup vert spelt etter NHF sine verdiar: innsatsvilje, begeistring, respekt og fair play. Vi forventar difor at alle lag bidreg til at motstandarane får ei fin oppleving.
Eit eksempel kan vere å sørgje for at ein ikkje vinn med meir enn 10 mål.
Vi satsar òg på dommarutvikling, og vil ha utviklarar på plass heile helga. I samsvar med #Verdiløftet minnar vi om at spelarar, trenarar og publikum opptrer med respekt overfor dommarane og motspelarane.


SPELEREGLAR

Turneringa vert spelt etter spelereglane til NHF. Vi har såleis ikkje finalar eller sluttspel for lag under 13-årsklassa.               

Unnatak: 
1.  Grunna turneringa si strame tidsramme, er det ikkje tillate med lags-time-out i kampane, heller ingen time-out ved utvisning eller 7-meter.
2.  Lag som deltek på dispensasjon (med overårige spelarar) kan ikkje delta i finalar eller sluttspel.*  Ved eigne søknadar til turneringsledelsen, kan det bli sett bort frå. Alle lag vil uansett få minst 4 kamper.
3.  Vi fylgjer hovudprinsippa til NHF for å rangere laga ved like mange poeng etter innleiande serie.
4.  Om uavgjort resultat i sluttspel, vert kampen avgjort ved loddtrekning for avkast. Første målet vinner inntil 5 min. Er det fortsatt uavgjort avgjøres kampen med loddtrekning.
5.  Lag som ikkje er på plass til tidspunktet kampen er annonsert til, vil tape kampen.

                    

SPELETIDER          

Jenter/Gutar 9 – fødd 2017 (5-ar handball, fire ute pluss målvakt på kortbane, kunstgras.) 1x15 min.
Jenter/Gutar 10 – fødd 2016 (5-ar handball, fire ute pluss målvakt på kortbane. kunstgras) 1x15 min.
Jenter/Gutar 11 – fødd 2015 (6-ar handball, fem ute pluss målvakt på stor bane.) 1x20 min.
Jenter/Gutar 12 – fødd 2014 (6-ar handball, fem ute pluss målvakt på stor bane.) 1x20 min.                                                

Jenter/Gutar 13 – fødd 2013 1x25 min. Plasseringskampar: 2x15 min.
Jenter/Gutar 14 – fødd 2012 1x25 min. Plasseringskampar: 2x15 min. 
Jenter/Gutar 15 - fødd 2011 1x25 min. Plasseringskampar: 2x15 min. 
Jenter/Gutar 16 - fødd 2010 1x25 min. Plasseringskampar: 2x15 min. 
Jenter/Gutar 20 – fødd 2006 2x14min. Plasseringskampar 2x 15 min.            

Kampar og sluttspel: Alle lag får spele minimum 4 kampar. Innleiande kampar går normalt i to eller fleire puljar. Vi tek atterhald om å slå saman klassar viss påmeldinga tilseier det.

                    

AVKAST/LIKE DRAKTER                   

Laga må vere klare ved bana 5 minuttar før kamp startar. Dommar bles kampen i
gang til tidspunkt for kampstart. 
Bortelag byter drakter om laga har like drakter. Det er laga sitt ansvar å sjekke i god tid førkampstart. Der vil ligge overtrekksvestar ved kvart banesekretariat dersom like drakter ikkjekan unngåast.

                    

GRUPPESPEL

I gruppespelkampar startar førstnemnde lag (heimelag) til venstre for banesekretariatet. Førstnemnde lag stiller også med kampball, og har avkast.

SLUTTSPEL           

I sluttspelkampar starter førstnemnde lag til venstre for banesekretariatet, men avkast vert avgjort ved loddtrekning gjennomført av dommarane før kampstart. Førstnevmnde lag stiller også her med kampball. 

                    

JURY                    

Vestkystcup oppnemner ein turneringsjury. Arrangøren sin representant står som leiar. I tillegg har juryen 2 representantar frå gjestande lag.

Leiar: Martin Christensen
Medlem 1: Marco Schaarschmidt
Medlem 2: Linn Marie Solheim-Sunde
Juryen behandlar straks eventuelle protestar. Avgjerda til juryen er endeleg.                    


PROTESTAR

Protest må leverast juryen seinast 30 minutt etter kampslutt. Gebyr for innlevering av protest er kr 500,- og dette må innbetalast saman med protesten. Gebyret vert refundert om protesten takast til følgje.

                    

KLISTER 

Det er berre i klassane J/G 15 og eldre det er lov å bruke klister. Det er berre lov å bruke godkjent vannbasert klister.                    

Puljene og kamparena vert annonsert i Profixio og kan verte endra, følg med på Profixio-appen eller på infotavlene.

                    

BANER

Kampane verte spelte på 3 baner.  
Bane 1: Handballbane på Florø Idrettssenter. (FIS)  

Bane 2: Handballdekke i Fotballhallen. (FIS)
Bane 3: Florøhallen - tas i bruk ved behov

                    

INFORMASJONSTAVLER:

På veggen i hovudsekretariatet heng all naudsynt informasjon for cupen. Kampresultat vert synt på skjerm i foajéen.
Last gjerne ned PROFIXIO-appen gratis. Der vert endringar og resultat oppdaterte kontinuerleg.                                                                    
    


Profixio sin app med resultater og likn., laster du ned her:

       QR-code og lenkje for nedlasting av Profixio sin app App Store

QR-code og lenkje for nedlasting av Profixio sin app Google play

 

 

Kart

 


 

 

VELKOMMEN! 😃

GENERALSPONSOR:



Detaljer

Start:
2. oktober kl.17:00
Slutt:
4. oktober kl.17:00

Arrangør

Florø SK Handball

E-post:
vkc@florohandball.no

Telefon:
Elisabeth Nygaard 959 66 535