Florø SK Handball handballskule sommar 2026

Florø SK Handball handballskule sommar 2026


Arrangør: Florø Sportsklubb Handball
Påmeldingsfrist: 03.08.2026 21:00

Tid


Sted

Vis kart

Pris

Påmelding kr 780,00 inkl. avgifter

Beskrivelse

Florø SK Handball inviterer til 4 dagar til handballskule veka før skulestart, veke 33
 – frå måndag 10. august til 13. august – for inntil 100 deltakarar frå 6 til 12 år.


Alle som vil lære seg å spele handball, eller som ønskjer å utvikle handballferdigheitene sine, er hjarteleg velkomne til å melde seg på. Det blir 4 dagar med ein kombinasjon av leik og læring av teknikk. Unge handballspelarar og vaksne trenarar har ansvar for instruksjonen.


Målgruppe
 Målgruppa er både jenter og gutar frå 6 til 12 år, både øvde og uøvde, med særleg fokus på barn med innvandrarbakgrunn og barn med funksjonsnedsetting.


Måltid
 Gruppene i Florø idrettssenter får servert enkel lunsj med brødmat og pålegg, i tillegg til vatn, saft eller smoothie. Deltakarane et i grupper. Det blir òg servert frukt i pausane.


Tid og stad:
 Veke 33 – måndag 10. august til og med torsdag 13. august, kl. 09:00 til 14:00 kvar dag.
 - Frammøte Florø idrettssenter, kl. 09:00–14:00


Instruktørar, leiarar og andre vaksne
Instruktørane er mellom 14 og 20 år og har aktivitetsleiaropplæring. I tillegg deltek vaksne leiarar med trenarutdanning og andre vaksne i støttefunksjonar og administrasjon.


Tilpassa aktivitet
 Vi tilbyr ulike aktivitetar – for dei yngste blir det balleik, sosialt samspel, skottrening og handballspel. Dei eldste får eit meir spissa opplegg med fokus på teknikk, fart, skot og spel.

Av omsyn til alle si trivsel: Deltakarar som ikkje rettar seg etter instruktørane sine beskjedar etter åtvaring, blir sende heim etter samtale med føresette.
 
Tilrettelegging
 - Barn og unge med funksjonsnedsetting/utviklingshemming vil bli delte i eigne grupper.
 - Barn og unge med syns-, rørsle- eller høyrselshemming vil så langt det er mogleg delta i grupper på same alder med normalt funksjonsnivå. Samtidig vil det vere mogleg å gi eit eige tilbod ved behov.
 - Barn som treng individuell tilrettelegging i form av personleg assistent, må ha med følgje. Dette blir ikkje handtert av arrangøren.


Fotografering
 Vi tek bilete av aktivitetane på handballskulen, og desse kan bli brukte i rekrutteringssamanheng og på informasjonskanalar som nettsida og dei offisielle Facebook-sidene til klubben. (Sjå eigen rubrikk ved påmelding.)


Gratis handballskule – for barn i familie med økonomiske utfordringar
Denne handballskulen er eit tiltak i tråd med visjonen vår: «Handball for alle i Florø/Kinn kommune», og er gratis for barn i familie med økonomiske utfordringar
Dette er mogleg takka vere støtte frå Gjensidigestiftelsen og Sparebankstiftelsen i Sogn og Fjordane
Påmelding må gjerast via e-post til Line Gjengseth: line.gjengseth@florohandball.no

 
Påmelding:
Florø SK Handball – Handballskule sommar 2026: Klikk på PÅMELDING  øvst i høgre hjørnet på denne sida.

Påmeldingsfrist: måndag 3. august kl. 21:00

 

Spørsmål?
Send e-post til: info@florohandball.no eller ring:
 - Helene Tresnes Vårvik: 992 56 717
 - Line Gjengseth: 997 33 327

Vi ber om at alle melder seg på før oppstart, då dette vil lette registreringa.

Dei som har lyst til å halde fram med handball etter handballskulen, er hjarteleg velkomne! Sjå nettsida for treningstider og kontaktpersonar under dei ulike årskulla.



Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.