G16 Florø 2 vann ein knapp siger mot Jølster/Førde

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 5. nov 2026

Dei fleste på G16 til Florø er 15 år, født 2011. I tillegg har vi ein i gruppa frå Bremanger, født 2010. Han spela ikkje kampen tysdag. Tysdag tok vi i mot Jølster/Førde. Vi har spelt ein kamp mot dei på bortebane, då vant vi 26-28, så vi venta ein spennande kamp. Gutane valgte å gjere det skikkeleg spennande og!
Vi startar veldig bra, leiar 6-3, med godt forsvar, og godt målvaktspel frå Matheo. Jølster tek innpå, og leiar med 3 mål etter 20 min. Gutane har fullt fokus, og vinn siste 5 minutt med 3 mål, så vi går til pause med uavgjort: 13-13.


Vi starter veldig bra i andre omgang, Jeremiah står bra i mål, og vi leiar med 4 mål godt ut i andre omgong. Etter det har Jølster ein god periode ( og vi ein dårleg), og dei skårar 6 mål utan av vi klarar å skåre. Det vert ein svært spennande slutt på kampen, men gutane som står på bana dei siste 5 minuttane klarar å halde seg roleg, stå godt i forsvar, og spele godt saman i angrep. Vi vinn til slutt med eit mål: 26-25


Det som var ekstra kjekt dinna kampen, var Mohamed, som spela sin fyrste kamp etter at han har vore vekkreist i 2 månader. 2 treningar, og så kjem han og vert toppskårar med 8 mål, og det på høgre kant! I tillegg fekk Christian Molina frå Bremanger seg sin fyrste heimekamp. Det blir veldig kjekt å ha han med vidare på trening og kamp.

 


Det blir spennande å sjå korleis sesongen vert. Vi er trass alt 1 år yngre enn ein del av motstandarane, men vi håpar at vi skal kjempe om å komme oss til fylkesmeisterskap i april.


Weronika Kinn Breidvik og Charlotte Kinn Breidvik, trenarar for G16
Foto: Cecilia Molander
Fleire bilete finn du her:

https://handball.florosk.no/next/gallery/album?uid=1103852594&aid=92934