Løve-Tann spelar på Vestkystcup
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 18. sep 2026
Vi er i sluttfasen av planlegging og førebuing for hausten sitt vakraste handballeventyr Vestkystcup, og vi har signa vestlandsbandet Løve-Tann, som opnar diskoteket 3. oktober.
🤩🤩🤩🤩

Løve-Tann kjem frå ulike stadar i Noreg, men blei kjend ved skulestart på musikklinja ved Firda VGS. Bandet vart forma hausten 2025.
Bandet består av Amalie på bass, Johanna på tromme, Martin på gitar/vokal, og Victor på piano. Av og til bytar dei litt rundt på kven som speler kva, alt etter kva som trengst, men held seg for det meste til hovudinstrumenta sine. So langt har dei spelt norsk pop /indie pop, men planlegg å spele meir av indie og jazz, i tillegg til å skrive låtar sjølv.
Dei har mellom anna spelt på Laksens Dag, der dei fekk veldig godt mottakande. 😊
Dette får du ikkje gå glipp av!!