Meld dykk på vinterferiens høgdepunkt på Vestlandet:
Florø SK Handball sin
Vinterhandballskule
Florø SK Handball inviterer til 3 dagar handballskule i vinterferien,
veke 8: 17. februar - 19. februar, for inntil 125 deltakarar frå 6 til 12 år.
Alle som vil lære seg å spele handball eller utvikle handballferdigheitene sine er velkomne til å melde seg på. Det er 3 dagar med ei blanding av leik og læring av teknikk. Unge handballspelarar og vaksne trenarar har ansvaret for instruksjonen.
Målgruppa:
Målgruppa er både jenter og gutar frå 6 til 12 år, øvde og uøvde, med eit særleg fokus på barn med innvandrarbakgrunn og funksjonsnedsetjing.
Måltid:
Gruppene i Florø idrettssenter får servert enkel lunsj med brødmat og pålegg, samt vatn, saft eller smoothie til måltida. Deltakarane vil ete gruppevis. I tillegg blir det servert frukt i innlagde pausar for å sikre nok næring og energi. Gruppene i Florøhallen får servert frukt.
Tid, tidspunkt og stad:
Veke 8, frå måndag 17. februar til og med onsdag 19. februar frå kl 09:00 kvar dag.
- For gutar og jenter født 2014 – 2018, frammøte Florø idrettssenter, 09:00 - 14:00
- For gutar og jenter født 2012 – 2013, frammøte Florøhallen, 09:00 - 14:00
Handballskulen er gratis.
PÅMELDING HER: PÅMELDING TIL HANDBALLSKULEN
Påmeldingsfrist: onsdag 12. februar kl. 12:00
Instruktørar, leiarar og andre vaksne:
Instruktørane er 14 – 20 år gamle handballspelarar med aktivitetsleiarkurs, vaksne leiarar med trenarutdanning samt andre vaksne som bidreg med støtte og administrasjon.
Tilpassa aktivitet:
Vi vil tilby ulike aktivitetar som, for dei yngste, vil innehalde balleik, sosial aktivitet, skytetrening, handballspel m.m. Dei eldste vil få eit meir spissa opplegg retta mot handball, med fokus på teknikk, fart, skot og handballspel.
Tilrettelegging:
Barn og unge med funksjonsnedsetjing/utviklingshemming vil bli delte inn i eigne grupper.
Barn og unge med synshemming, rørslehemming eller høyrselshemming vil, så langt det er mogleg, bli integrerte i grupper på same alder med normalt funksjonsnivå. Samtidig vil det vere mogleg å gi desse eit eige tilbod ved behov.
Barn som treng særskilt tilrettelegging i form av personleg assistent, må ha med følgje. Dette vil ikkje bli handtert av arrangøren.
Fotografering:
Vi fotograferer aktivitetane på handballskulen, og bileta blir brukte i samband med rekruttering og informasjonsopplegg på klubbens heimeside og offisielle Facebook-sider. (Sjå også eigen rubrikk i samband med påmelding.)
Spørsmål:
Spørsmål rettast til info@florohandball.no eller på telefon til:
· Morten Mortensen: 916 30 671
· Ann-Kristin Førde: 905 29 116
Vær vennleg og meld på før oppstart, då dette vil gjere registreringa enklare ved oppstart.
De som har lyst til å fortsetje med handball, er hjarteleg velkomne til det. Klikk på aktuelt årskull i oversikta over laga våre for informasjon om treningstider og kontaktperson.
Gratis handballskule:
Denne handballskulen er ein del av vår visjon «Handball for alle i Kinn» og er gratis for alle.
Påmelding:
Helst via lenkja ovanfor eller med same informasjon som i påmeldingsskjemaet til:
- Kontaktperson: Ann-Kristin Førde
e-post: akforsa@online.no
tlf: 905 29 116
Rammer:
Handballskulen er lagt opp med faste rammer som sikrar ein god balanse mellom leik, læring og sosialt samvær. Gruppene blir organisert etter alder og ferdigheiter for å sikre at alle deltakarane får tilpassa oppfølging og eit positivt læringsmiljø.
VELKOMMEN!
Generalsponsor
Detaljer
- Start:
- 17. februar kl. 09:00
- Slutt:
- 19. februar kl. 14:00
- Florø SK Handball
- Epost
- info@florohandball.no